Til toppen av siden

Søknadsskjema

I følgje avfallsforskrifta er det obligatorisk renovasjon for alle bygningar, men dersom bygningen ikkje er i bruk kan ein søkje om fritak.

                Søknadsskjema fritak bustad

                Søknadsskjema fritak fritidsbustad

 

To bygningar på same gards- og bruksnummer kan dele renovasjon dersom ein har plass til avfallet i ein avfallsbehaldar.

               Søknadsskjema felles renovasjon

 

For bustadhus som vert nytta som fritidsbustad kan ein søkje om å få hytterenovasjon.

               Søknadsskjema for Hytterenovasjon

 

Dersom hytta ligg meir enn to kilometer i luftlinje frå vegen heile året kan de søkjer om fritak frå hytterenovajonen. (For hytter der ein må nytte båt, vert avstanden rekna frå båtplass ved fritidseigedommen og til hytta)
Skriftleg søknad med kart der parkeringsplass/båtplass v/hytta og hytte er avmerka sender de til Rymi.

Når hytta ligg ved vinterstengt veg, og ein har meir enn to kilometer i luftlinje til hytta, kan ein søkje om redusert hytterenovasjon. Ein kan også søkje om redusert hytterenovasjon om hytta ligg ved islagt fjord og ein må nytte båt for å komme på hytta.
Skriftleg søknad med kart sendes Rymi.

 

Søknad om større avfallsdunk pga helsemessige årsaker

Ryfylke Miljøverk IKS har vedteke at abonnentar med særleg behov for større dunk/ekstra dunk pga bleiebruk som føljer med funksjonshemming eller sjukdom og som bur utanfor institusjon, kan søkje om å få dette, kostnadsfritt.

             Søknadsskjema for ekstra dunk

 

Heimekompostering

For å få ordning med heimekompostering må du først ha delteke på kompostkurs eller bestå kompostprøven, skrive komostavtale med Rymi og ha varmkompostbinge. Les meir om heimekompostering her.        

                 Kompostprøven

                 Kompostavtale

 

 

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS