Til toppen av siden

2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2015 | Mars - Oktober - Desember

Sorteringsanlegget på Viganeset legges ned frå 1. januar 2010

10.12.2009

Det optiske sorteringsanlegget på Viganeset stenger 1. januar 2010, og frå denne datoen vil avfallet i avfallsdunkane til hushaldingane i Ryfylke bli kjørt til forbrenning.

Rymi har til no hatt ei ordning for innsamling av hushaldningsavfall basert på optisk sortering der hushaldningane sorterer matavfall, papiravfall og restavfall i posar av ulik farge. Frå nyttår 2010 legg Rymi om sorteringa for hushaldningsavfall. Matavfall og lesestoff skal ikkje lenger sorterast i svarte og grøne posar, men kan pakkast i vanlege bæreposar som anna restavfall. Alt avfall som blir lagt i dunken vert kjørt til energigjenvinning.
(Lesestoff kan også leverast til materialgjenvinning på gjenvinningsstasjonen)

Alt anna avfall (farleg avfall, plast, glas- og metall, trevirke, ee-avfall o.s.b) som tidlegare har vore levert til miljøhytter og gjenvinningsstasjonar SKAL FRAMLEIS leverast til miljøhytter og gjenvinningsstasjonar.

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS