Til toppen av siden

Tilbod på varmkompostbinge

Heimekompostering gir god og næringsrik jord!

Heimekompostering

Når du komposterer matavfallet ditt sjølv får du god og næringsrik jord til hagen din, og Rymi har eigne renovasjonsordingar for dei som driv med heimekompostering.

Alle som ønskjer ordning 3 eller 4 med heimekompostering må:    

Ta kontakt med oss om de ønskjer å få tilsendt informasjon om heimekompostering og kompostprøven:
tlf 51 75 95 50        
e-post:
post@rymi.no  

 

Slik får du god kompost

Det er ei mengd mikoorganismar som gjer gjobben i komposten. Dei "et" det organiske avfallet.

Næringsrike godbitar frå kjøkkenet blir raskt fortært, medan bein og tre er vanskelegare å fordøye. Mikroorganismane er naturleg tilstades i avfallet, og det er ikkje nødvendig å tilsetje bakteriekultur. Det er heller ikkje nødvendig å strø jord over komposten. Det einaste vi må syte for er at mikroorganismane får gode arbeidsforhold.

Mikroorganismane sine vekstmuligheiter er avhengig av det organiske avfallet sin samansetjing og tilgangen på luft og fukt. For å få ein kontrollert prosess og eit godt resultat, gjer du lurt i å følgje dei gode råda du finn nedanfor.

I utgangspunktet er det enklare å kompostere enn å halde matvarene friske. Når vi ber matvarene heim frå butikken, er den naturlege nedbrytinga forlengst i gang. Grunnprinsippa for all kompostering er dei same. Nedbrytingsprosessen er i hovudsak avhengig av fire faktorar:

1. LUFTTILGANG
Det er nødvendig at heile komposten har rikeleg tilgang på oksygen. Når lufttilgangen blir dårleg, blir avfallet brote ned av ein type mikroorganismar som kan klare seg utan luft. Dette er forråtning og ikkje kompostering. Ved forråtning blir det bl.a. danna metan, syrer, lystgass og hydrogensulfid. Resultatet er at komposten begynner å lukte ubehageleg. Våt kjøkkenavfall må derfor blandast med grovare avfall, slik at komposten blir porøs nok til at luft kan passere gjennom heile komposten.

2. FUKT
Ein kompost er heilt avhengig av fukt. Viss komposten tørkar ut, stoppar nedbrytingsprosessen. Det må heller ikkje være for mykje vatn i komposten. Då stenger vatnet oksygenet ute, og komposten vil byrja å lukte vondt.
Ein kompost skal være fuktig, men ikkje kliss våt. Tar du ein neve kompost og klemmer til, skal du bare så vidt klare å klemme ut litt vatn. Ein lukka behaldar held godt på fuktigheita. Vatnet som fordampar vil kondensere på lokket og renne tilbake til komposten. I tillegg til at kjøkkenavfall er svært fuktig, vert det også danna vatn som eit av sluttprodukta i nedbrytingsprosessen.

Ofte vil komposten være fuktig langs veggene og tørr i midten. Det kjem av at temperaturen blir høgast midt i massen og lågare ut mot sidene. Då løyser du problemet ved å blande godt. Skulle komposten likevel bli for tørr, må du anten redusere på tilsetjinga av strø eller komposten må vatnast.

Ofte er problemet at komposten inneheld mykje vatn. For stort innhald av vatn fører til dårleg lufting. Viss komposten verkar svært våt, må du tilsetje meir strø. Helst bør strøet blandast inn i massen. Dersom strøet vert lagt på toppen, vil også massen under bli tørrare, fordi kondensvatnet vert fanga opp av det tørre toppsjiktet.

3. FORHOLDET MELLOM KARBON OG NITROGEN (C/N-forholdet)
Trevirke, stilkar og anna grovt hageavfall inneheld mykje karbon og lite nitrogen. Kjøkkenavfall inneheld mye nitrogen.

Forholdet mellom desse to grunnstoffa er avgjerande i nedbrytingsprosessen. Ideelt sett bør det være 25-30 deler karbon for kvar del nitrogen. Dette kan høyrast litt komplisert ut, men i praksis er det enkelt. Dersom du sørgjer for god balanse mellom matavfall og tørt strø, har du samtidig syt for god næringsbalanse. Regelen er 1 del strø til 3 delar matavfall.

Når det er for lite nitrogen (næringsrikt materiale) får ikkje mikroorganismane nok næring til å kunne utvikle seg, og nedbrytninga går svært sakte. Når mikroorganismane ikkje klarer å bruke alt nitrogenet til egen vekst, er det for mye nitrogen. Då vert det danna ammoniakk og andre illeluktande gassar.
I praksis må du syte for at minst 1/4 av det du legg i komposten er næringsfattig strø.

4. TEMPERATUR
Nedbrytningshastigheita er helt avhengig av temperaturen. Nedbrytninga går raskast når temperaturen ligg rundt 50° C. I ein god kompost i isolert behaldar kan temperaturen komme heilt opp i 70° C i topplaget, men då stoppar også prosessen opp. I ein vanleg hagekomposthaug går nedbrytninga fint om sommaren, men om vinteren vil massen fryse, og komposteringsprosessen stopper heilt opp. I ein isolert kompostbehaldar er varmen frå sjølve nedbrytingsprosessen tilstrekkeleg for å halde temperaturen oppe, dersom det jamt tilføres nytt avfall.

Ved temperaturar over 50° C vil dei fleste sjukdomsorganismar og ugrasfrø bli uskadeleggjort. Sjukdomsorganismar vert som regel utrydda også ved lågare temperatur, då dei er dårleg tilpassa livsmiljøet i komposten.

DETTE KAN DU KOMPOSTERE
Alt organisk kjøkken- og hageavfall kan komposterast. Grønsakrestar, frukt, bakerivarer, kjøtt- og fiskerestar er som skapt til å komposterast. Serviettar og tørkepapir er også fint å kompostere.

Bein og eggeskal går også, sjølv om det vert langsamt brote ned. Store bein bør knusast eller hoggast opp. Litt avispapir er heller ikkje skadeleg, men det bør ikkje være for mye av det. Avispapir vert langsamt brote ned. Har du reinsa fisk på ei avis, kan du godt legge fiskesloa i komposten saman med ei avisside eller to. Husk å grave det litt ned i komposten eller legg ein neve strø over.

I prinsippet kan alt organisk avfall komposterast - også toalettavfall, avføring frå dyr o.l. Av praktiske og hygieniske grunner blir det først og fremst kjøkkenavfall og noko hageavfall som skal komposterast i den isolerte kompostbehaldaren.

DETTE KAN DU IKKJE KOMPOSTERE
Det seier seg i grunnen sjølv kva som ikkje kan komposterast. Alt som inneheld metall, plast eller andre kunststoff er ufordøyelig for mikroorganismane. Du må heller ikkje leggje ting som du trur kan innehalde mineralolje, tungmetall eller løysemiddel i komposten.

Støvsugarposar og sigarettoske inneheld ofte tungmetall. Oske frå peisen skal ikkje leggast i komposten. Oske inneheld mye kalk og aukar kompostens pH-verdi. Dette vil igjen føre til tap av nitrogen. Viss det dreier seg om rein treoske kan du i staden strø den over blomsterbedet eller spreie den på plenen. Vær klar over at malt og trykkimpregnert treverk som regel gir giftig oske. Papirbleier, bind og vattpinnar egner seg ikkje i heimekomposten. For at dette skal kunne komposterast, må all plast fjernast.

Det finnes plastliknande materiale - såkalla biopolymerer - basert på stivelse frå mais eller poteter. Desse materiala vert brote ned i komposten og kan komposterast. Det finnes allereie poser til å samle opp og bære ut matavfall i - laget av biopolymerer.

PLASSERING AV KOMPOSTBEHALDAREN
Kjøper du behaldar, følgjer det som regel med ei rettleiing om korleis behaldaren skal plasserast. For at behaldaren skal fungere, er det viktig å følgje denne rettleiinga. Det finst behaldarar som skal stå på jord eller gravast ned i bakken - og det finst behaldarar som har små opningar i botn for å sikre lufttilgang. Den siste typen kan med fordel hevast frå bakken med nokre mursteinar, eit par plankar eller ein gammal pall.

Det organiske avfallet bør bærast ut fleire gonger i veka. Kompostbehaldaren må derfor plasserast slik at den er lett å komme til frå kjøkkenet. Sjølv om kompostbehaldaren ikkje skal utvikle spesielt mykje lukt, vil det gjerne kunne merkast ein viss odør omkring behaldaren. Plasser derfor behaldaren nokre meter unna hagemøblementet eller andre stader folk oppheld seg.

Alle kompostbehaldarar vil frå tid til annan lekke noko overskotsvæske. Som regel dreier det seg om små mengder. På grunn av denne væska bør kompostbehaldaren plasserast på grus eller på ein jordbakke som væska trekkjer ned i. Set ein behaldaren på asfalt, heller eller betong, vil overskotsvæske kunne renne utover. Dette ser stygt ut og fører lett til luktproblem.
Plasser ikkje behaldaren i område kor det har ein tendens til å samle seg vatn. Det spelar vanlegvis liten rolle om behaldaren står i sol eller skygge. Det kan være ein fordel å sette behaldaren i ly for vinden. Da slepp du å springe etter lokket.

SLIK STARTAR DU
• Legg eit 5-10 cm tjukt lag med strø nede i botnen av behaldaren. Dette strøet bør vere litt grovt slik at det tek ei tid før det vert brote ned. Likeeins skal ein sørgje for at det er god lufting nede i behaldaren.
• Nå kan du leggje kjøkkenavfallet ned i behaldaren. Laget av matavfall bør ikkje verte større enn 15-20 cm før su legg eit lag med strø. Dette strøet kan vere små oppdelte kvister, sagspon, bark eller anna materiale. Deretter legg du kjøkkenavfall og strø lagvis i behaldaren for å sikre at det vert tilført nok luft og næringsstoff til komposten.
• Ein gong i månaden, eller oftare, bør du røra litt i komposten slik at det vert fordelt nok luft ned i behaldaren. Slik kan du unngå at komposteringsprosessen stoppar opp.
• Temperaturen i behaldaren bør vere ein stad mellom 50 og 70° C. Prosessen vil då gå raskt og du unngår lukt. Stig varmen over denne temperaturen vil mikroorganismar som bryt ned materialet dø.
• Behaldaren må tømast frå 1 til 3 gonger i året (etter behov). Komposten skal dessutan liggje ute i fri luft frå 6 til 12 månader til ettermodning før den kan nyttast.
• Inne i behaldaren vil kompostmaterialet etter kvart verte komprimert, slik at behaldaren kan romme enda meir matavfall
• God kompost vil ha ei frisk duft av jord. Luktar den surt er det noko gale.

NÅR NOKO GÅR GALE
• Sur lukt: Dei fyrste vekene, når behaldaren inneheld lite avfall, kan det komme litt lukt pga temperaturen enda er for låg til at prosessen er kome skikkelig i gang. Dette problemet vil gi seg etter kvart som behaldaren vert fylt opp. Råd: Vent

• Når prosessen er kome i gong og luktar surt: Dette kan koma av for lite luft som eit resultat av for stor fukt. Råd: Tilsett strø og rør i komposten.

• Flugelarvar og spyfluger i kompostbehaldaren:
1. Sørg for at temperaturen i behaldaren er over 45° C (dette vil hindre klekking av larvene og vil føra til at dei vert drepne)

2. Hold kompostbingen rein rundt lokket

3. Dynk overflata med kokande vatn, noko som drep larvene

4. Dekk til fersk avfall i komposten med strø eller jord

• Prosessen stoppar opp, behaldaren er kald:
1. Tilsett meir næringsrikt materiale

2. Tilsett strø og rør om i komposten

3. Tilsett varmt sukkervatn (ca ei brusflaske)

4. Stikk ei kanne med varmt vatn ned i komposten slik at temperaturen aukar

BRUK AV FERDIG KOMPOST
Som for vin og ost, snakkar vi også om modning når det gjelder kompost. Umoden og moden kompost har ulike bruksområde.

NÅR ER KOMPOSTEN FERDIG?
Enkelt sagt er komposten moden når nedbrytinga er slutt. Komposten er moden når den har fått tid til å bli heilt omdanna, og den mikrobiologiske aktiviteten har stoppa opp.
Dersom du vil sjekke om komposten er moden, kan du bruke karseprøven: Legg kompost i ei skål, vatne godt og så karsefrø. Dekk skåla med plast og la den stå i romtemperatur. Når karsen spirer, fjernar ein plasten. Dersom karsen ikkje står som grønt teppe etter 5 dagar, er komposten framleis umoden. Komposten har rett og slett "spist" frøa.
Under ideelle forhold vil kjøkkenavfall bli omdanna til rå kompost på mindre enn ein månad. Som ein tommelfingerregel kan vi sei at 2-3 månader gammal kompost kan leggast over i ein open haug eller binge for ettermodning.

BRUK AV RÅ KOMPOST
Tømmer du behaldaren om våren, kan du bruke rå kompost (3-4 månader gammal) direkte.

1) Legg rå kompost ut i eit 2 cm tykt lag under frukttre, prydbusker, bærbuskar og roser. Dette bør skje på forsommaren når plantene treng mest næring.

2) Spa rå kompost ned i jorda eit par veker før du plantar buskar eller trær, planter kål eller set poteter.

3) Grønsaksplanter som krev mykje næring, som f.eks. tomatar, greskar, agurkar, melonar og kål kan også gjødslast med rå kompost.
Bruk av umoden kompost kan elles være uheldig. Restar av sopp som var aktive i nedbrytninga, kan ha uheldig verknad på plantene. Kompost er ikkje blomsterjord. Dersom det organiske materialet ikkje er ferdig omdanna, vil omdanninga halde fram i jorda. Mikroorganismane som et planterestane vil då kunna komme til å konkurrere med plantene om næringen.

BRUK AV MODEN KOMPOST
Du må være førebudd på å tømme kompostbehaldaren ein til tre gangar i året. Tømmer du behaldaren om hausten bør komposten liggje til ettermodning under plast over vinteren. Når komposten er ferdig modna, er avfall omdanna til verdifull hagegjødsel. Hageentusiastar kan ikkje klare seg utan tilgang på kompost.
Tungt nedbrytbart materiale som trepinnar og bein treng kanskje fleire år på å bli nedbrote. Ønskjer du å bli kvitt slikt før komposten brukast, kan du sålde komposten. Sålderesten legg du bare tilbake i komposthaugen.

Her følgjar nokre grøne tommelfingerreglar for deg utan den heilt store hageerfaringa. Komposten er næringsrik og bør brukast i rett mengde til rett tid for å gi best verknad. Det er likevel ikkje nødvendig å måle så nøye. Bruk det du har etter eige skjønn.

1) Blomsterbed: Arbeid årlig inn 3-10 liter kompost per m2 i overflata. I rosebedd kan det med fordel leggjast på et 5-10 cm tjukt lag på overflata kvar haust.

2) Blomsterkasser: Plant i ei blanding av godt moden kompost og sand eller annen næringsfattig jord. Bruk 1 del kompost til 3-5 deler sand/hagejord.

3) Planting av trær: Fyll opp rundt røtene med ein blanding av 1 del kompost og 5 deler sand eller mager jord.

4) Nylagt bed og plen: Bruk opptil 1/5 kompost i blanding med mager jord.

5) Jordforbetring og hagegjødsling: Bland inn opptil 10 liter kompost pr. m2. Komposten skal arbeidast lett inn i jorda, ikkje gravast ned. Kompost kan også brukast som dekke på overflata.

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS