Til toppen av siden

Dette er farleg avfall

  • kjemikaliar
  • maling, lim, lakk
  • white-spirit
  • olje
  • oljefilter
  • plantervernmidlar
  • sprayboksar
  • kvikksølvtermometre
  • PCV-vindauge (produksjonsår 1965-1975)
  • klorparafinvindauge (produksjonsår 1975-1990)
  • EE-avfall
  • vinyl
  • bygg-isopor
  • asbest

Gratis sekker for levering av asbest

 

Farleg avfall

Farleg avfall må leverast til gjenvinningsstasjonen i opningstida.

Det er viktig at farleg avfall vert levert i orginalemballasjen eller at det er godt merka med kva det inneheld.
Om du er i tvil om kva innhaldet er, eller om merkinga er ufullstendig må du ta kontakt med betjeninga.

 

Asbest må leverast innpakka i spesialsekk for asbest, eller i plast og på palle.

Rymi leverer ut gratis sekk for innpakking av asbest på alle våre gjenvinningsstasjonar. Sekken er 91 x 91 - 120 cm, har stropper slik at ein kan løfte med kran,og er godkjent for å nyttast til asbest.

Me vil ha minst mogleg pakking av asbest på gjenvinningsstasjonane, så det er ønskjeleg om de hentar sekker, pakkar heime og så leverer til gjenvinningsstasjonen.

 

 

Sik leverer du asbest innpakka i plast og på pall
Det er viktig at du legg plasten oppå pallen før du legg asbesten oppå (slik at ein kan løfte pallen på pallegaffel uten å stikke hull på plasten), og at du får pakka det heilt tett og teipe igjen.

Me tek ikkje i mot asbest som ikkje er skikkeleg pakka

 

Det er gratis å levere farleg avfall for privatpersonar. Bedrifter er betalingspliktige. Bedrifter får også gratis asbestsekker.

 

 

 

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS