Til toppen av siden

Slik leverer du avfallet

 

Utskriftvenleg sorteringsguide for ulike typar avfall

 

              

Avfallstypar

Me skil mellom 5 typar avfall

1. Restavfall
Dette er avfall som ikkje kan gjenvinnast til nye produkt eller brukast til noko. Restavfallet frå Ryfylke vert sendt til forbrenning på Forus Energigjenvinning. Her vert avfallet til ny fjernvarme og elektrisk kraft.


2. Kompostérbart avfall
Dette er organisk avfall som skrell og andre restar frå grønsaker, kjøtt og fisk, kaffigrut, teposar, eggeskal, fruktskal, bær, kjøkken-papir, papirlommetørkle, serviettar, blomster, fjør, hår, avfall frå dyrebur og hageavfall o.l. Dette avfallet vert ikkje lenger sortert ut og kompostert hjå Rymi, men sendt direkte til forbrenning. Om du ønskjer det kan du kompostere matavfallet heime i varmkompostbinge. Les meir om heimekompostering her.


3. Gjenvinnbart avfall
Dette er avfall som kan gjenvinnast, til dømes drikke-kartongar, papir, metall, glas, plast, klær o.l. Dette kastar du på gjenvinningsstasjonen eller miljøstasjonen.

4. Spesialavfall
Dette er avfall som er sterkt forureinande og/eller skadeleg for menneske, dyr og natur. Kan du lesa ord som giftig, etsande, kaustisk, flyktig, brannfarleg, helsefare eller liknande åtvaringar på emballasjen, er truleg innhaldet å rekne som spesialavfall. Det er ein fordel om spesialavfallet blir levert i originalemballasje, slik at dei som skal behandle avfallet, veit kva dei har å gjere med. Dette avfallet skal anten leverast på gjenvinningsstasjonen eller miljøbilen som kjører rundt to gonger i året (sjå tømekalenderen).
Asbest må leverast til gjenvinningsstasjonen innpakka i plast og på palle. Les meir her

5. EE-avfall
Dette er elektrisk og elektronisk avfall som vaskemaskinar, radio og TV, kjøleskap og liknande. Slike artiklar skal leverast tilbake til forhandlaren eller på gjenvinningsstasjonen. Dette gjeld også oppladbare batteri.

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS